01.09.2026 - 29.09.2026

Åse Vikse

Foto 1 © Hanna Biørnstad

Åse Vikse (f. 1981, Sveio) er en tverrfagelig grafiker bosatt i Hardanger. Hun har en MA Fine Art (Printmaking) fra Middlesex University, London.

I sitt arbeid utforsker hun begrepet stedfølelse; hun er interessert i arkitektur og historie, og har et sterkt fokus på sirkulær materialbruk. Som grafiker arbeider Vikse både med tradisjonelle teknikker som tresnitt, og mer eksperimentelle monotrykk – ofte i form av kunstnerkart.

Åse var på arbeidsopphold her på Velferden i september 2026. Hun brukte tiden på Velferden til å utfordre seg selv ved å utforske andre uttrykk enn grafikken, og landskapet ble en stor del av arbeidet hennes. Dette skriver Åse om oppholdet sitt:

“Under opphaldet på Velferden ville eg utfordra praksisen min og det eg vanlegvis står trygt i – grafikken – med mål om å utforska måleriet som visuell kommunikasjonsform. Eg var trigga av Titania si historie og industrilandskapet i Sokndal, men ankom likevel med det finaste utgangspunktet for eit resultat – strippa for førehandsbestemte forventingar eller konkrete planar. Eg vart kjend med staden ved å vandra gjennom eit levande landskap fullt av kontrastar. Kvar dag gjekk eg same ruta til og frå Sandbekk, men kvar dag viste meg noko nytt og fortalde ei ny historie.

Foto © Åse Vikse

Kontrastane spelte inn på valet av prosjekttittelen nattsyn, noko eg assosierer med å gå uredd inn i noko utan å vita kva som ligg framfor ein, men med ein visjon om å forma vegen medan ein går. I mørkret mister vi evna til å sjå fargar, og ser berre i svart-kvitt. Ein skal ikkje sjå direkte mot noko, men må retta blikket litt over eller til sida for punktet ein vil få auge på. Flytta seg stegvis og halda seg stødig.

På Velferden utarbeidde eg olje- og akrylmåleri i svart-kvitt med motiv frå landskapet som eg vart ein del av. Prosessen innebar å grunna med svart, for så å henta fram bakgrunnen med titankvit, og veva saman observasjonar, møte og vandring i landskapet i motiva. Eg nytta òg ein teknikk eg brukar når eg jobbar med grafiske kunstnarkart – å fokusera på éi rute om gongen, og slik byggja opp motivet sakte trinn for trinn.”

Foto © Åse Vikse

Heile kunstnaropphaldet mitt resonnerte med The Slow Movement sin filosofi om viktigheita av prosessen:

‘When we think of art we tend to think of objects, but this is a mistake. The real art is in the experience of making or encountering the object. When the work is separated from these experiences, it is separated from life. A true work of art is a refined and intensified form of experience.’ (Dewey, 1934)

Sitat frå boka ‘Varsko her’ (2022):

‘Likevel hevdet nesten alle, uavhengig av avdeling, at de savnet Sandbekk, og at de opplevde dette som et tap. Men hva er det som gikk tapt? Sandbekk hadde en fysisk og konkret avgrensing, det var liv og røre inne på området, og det var en nærhet til veien med trafikk til og fra. Mennesker som gikk til og fra arbeiderboligene og messa, kunne høres og sees av de som arbeidet i bygningene langs elva. På Sandbekk hadde man et samhold og en kontakt som man til en viss grad opplevde gikk tapt eller ble endret i overgangen til Tellenes. Overgangen dit handler derfor ikke bare om motvilje mot nye arbeidsoppgaver eller ny status, det handler også om tap av selve stedet Sandbekk.’”

Neste
Neste

Jenny Berg